Sjukdom endrar mykje
I starten trudde eg det berre handla om kroppen – om det fysiske, det målbare, det som kunne testast og forklarast. Men etter kvart såg eg at det ikkje berre var eg som endra meg. Alt rundt gjorde det òg.
Nokre menneske vart stille. I byrjinga merka eg det ikkje så godt – kanskje fordi eg sjølv var i overleving. Men når tida gjekk, og eg byrja leite etter dei, var dei ikkje der lenger. Det gjer noko med ein, det å sjå korleis stilla kan bli eit svar i seg sjølv. I den stilla bur sorga over det som var, men òg forståinga av at ikkje alle klarar å stå i andres smerte.
Eg har sett kor lett det er å trekkje seg unna noko ein ikkje forstår. Sjukdom gjer noko med rommet mellom menneske – det kan bli smalare, eller vidare. Nokre held avstand fordi dei ikkje veit korleis dei skal nærme seg, andre kjem tettare på enn før. Begge deler er menneskeleg.
Men midt i alt dette finst det dei som har blitt verande. Dei som aldri forsvann. Dei som ikkje treng ord for å forstå, men berre er der – stille, men støttande. Eg kjenner ei djup takknemlegheit for dei. For dei som sender ei melding utan grunn, som spør utan å mase, som veit at sjølv små ting kan bety mykje. Nokre av dei ser eg ofte, andre sjeldnare. Men det merkelege er kor lite tid eigentleg betyr når bandet er ekte. Det kan gå månadar, til og med år – og likevel kjennest det som om det var i går når vi møtest igjen. Samtalen berre flyt, som om tida ikkje har gått i det heile tatt.
Og så finst det relasjonar som må lærast på nytt kvar gong – ikkje fordi kjærleiken eller respekten manglar, men fordi vi begge har endra oss. Slik er det berre. Eg ser at eg har mista mange relasjonar gjennom sjukdomsperioden. Og det gjer vondt, sjølv om eg forstår det. Folk som eg kunne le saman med, dele tankar med – som no berre helsar, kanskje med eit usikkert smil.
Det er rart, for du merkar det på eit sekund: noko er annleis. Eg spør meg sjølv – er det meg? Eller er det situasjonen som har endra seg? Sannsynlegvis begge delar. Eg er ikkje heilt den same som eg var for to år sidan. Sjukdommen har endra mykje – ikkje berre kroppen, men blikket mitt, tankane mine, tålmodet, måten eg ser verda på. Eg tåler mindre, men kjenner meir.
Kanskje det er det som skjer når livet får ein knekk – at du byrjar sjå klarare kven som er verkeleg nær, og kven som berre stod der så lenge alt var lett. Og midt i tapet kjem det noko anna: nye menneske, nye møte, nye band. Dei kjem stille, men dei kjem. Og når dei gjer det, kjennest det som sol gjennom skodde – forsiktig, men ekte.
Å miste og å finne. Det er ein del av vegen – den vi ikkje valde, men likevel må gå. Og kanskje, midt mellom dei som forsvann og dei som fann vegen inn, ligg noko stille og sant: At vi sjølv endrar oss, og dermed endrar også dei som går ved sida av.
💭 Små steg er òg framgang – sjølv når ingen andre ser dei.
✨ Kvar dag treng ikkje vere god – men det finst noko godt i kvar dag.

- Inner Motivation — When No One Is Applauding
- Indre motivasjon – når ingen klappar
- When Motivation Doesn’t Show Up
- Når motivasjonen ikkje kjem
- Eg er meir enn det eg produserer

Legg att eit svar