Det begynner med deg
Det er lett å tru at endring skjer i store rykk. At du må bli eit heilt nytt menneske, tenke heilt nytt, leve heilt annleis.
Men sanninga er mykje mildare enn det. Mindset handlar ikkje om å forandre heile seg – det handlar om å rette små, stille steg i retning av den personen du innerst inne veit du er.
Måten du snakker til deg selv på
Å få det betre med seg sjølv byrjar med måten du snakkar til deg sjølv på.
Tankane våre er som stiar i eit landskap. Jo oftare du går på ein tanke, jo djupare tråkk blir han.
Vandrar du ofte på stien som heiter «Eg er ikkje god nok», «Eg kjem aldri til å få det til», «Alle andre klarer dette betre enn meg», så blir den stien brei, tung og lett å velje – også når du eigentleg vil ein annan veg.
Men du kan lage nye stiar. Sakte. Forsiktig. Gjennom tankar som: «Eg øver.» «Eg prøver.» «Eg lærer.» «Eg er på veg.»
Sjølv dei minste justeringane i måten du møter deg sjølv på kan endre heile opplevinga av kvardagen.
Feiltråkk er ein del av prosessen
Du kjem til å tråkke feil – og det er akkurat slik det skal vere. Ingen utvikling skjer i ei rett linje. Det kjem dagar der du står støtt, og dagar der alt buttar imot. Det er heilt normalt.
Kanskje har du laga ein måltidsplan fordi du vil ta betre vare på kroppen din. Du har ein plan, eit mål, ein motivasjon. Og så kjem ein tung kveld, ei stund der du er sliten, sår, stressa eller lei. Plutseleg står du der med sjokoladen eller noko anna du prøvde å styre unna.
Det er så lett å tenkje: «No øydela eg alt.» Men det er ikkje sant. Du øydela ingenting. Du hadde berre ei menneskeleg stund. Og det som betyr noko, er ikkje den eine sjokoladen – men at du vel å gå vidare etterpå i staden for å gi opp.
Eller kanskje har du endeleg kome i gang med treninga, med faste dagar og god rytme. Kroppen byrjar å samarbeide, energien kjennest betre, du kjenner deg litt meir levande igjen. Og så kjem det ein dag der du er tom, trøytt, urolig eller mentalt ferdig. Du hoppar over økta.
Men det slettar ikkje ut alt du har bygd. Ein avlyst treningsdag gjer deg ikkje dårleg. Det er først når du let den eine dagen bli til ei veke, ein månad – at mønsteret endrar seg.
Det viktige er ikkje feilen. Det viktige er evna til å hente seg inn igjen. Her ligg styrken. Her skjer veksten.
Vera sann
Mindset handlar ikkje om å vere positiv – men om å vere sann. Det handlar ikkje om å late som alt er bra. Det handlar om å møte livet slik det faktisk er, utan å rive deg sjølv ned i prosessen.
Du kan ha ein tung dag og likevel vere god mot deg sjølv. Du kan kjenne på uro og likevel velje nye tankar. Du kan stå midt i kaos og likevel halde fast på ein retning.
Mindset er ikkje eit filter. Det er ein kompassnål.
Endre måten du møter deg sjølv på
Når du endrar måten du møter deg sjølv på, endrar du måten du møter livet på. Når du lærer å gi deg sjølv litt meir forståing, litt meir tålmod, litt meir tid, så skjer noko stille og fint:
Du byrjar å stole på deg sjølv igjen. Du byrjar å sjå at du er i utvikling. Du byrjar å kjenne deg litt meir heime i både kroppen og kvardagen din.
Og kanskje viktigast: du blir mindre redd for å prøve. For du veit at sjølv om du snublar, så klarer du å reise deg igjen.
Reisa di er unik
Dette er reisa di – ho treng ikkje vere perfekt. Det er ikkje dei store stega som formar deg, men alle dei små vala du tek i mellomromma. Stien du vel. Tankane du øver på. Evna di til å hente deg inn når du mistar fotfeste.
For kvar gong du reiser deg etter ein feil, byggjer du litt meir styrke. Litt meir mot. Litt meir tru på at du faktisk kan bli den personen du ønskjer å vere.
Og steg for steg blir du meir den du alltid har hatt i deg å vere.
💭 «Små steg er òg framgang – sjølv når ingen andre ser dei.»
✨ «Kvar dag treng ikkje vere god – men det finst noko godt i kvar dag.»





Legg att eit svar